Ei anna verd på andre sida av fjellet

October 11, 2010 § 2 Comments

Eg kjem frå tjærebreidde brygger, ope hav, og fjøresteinar som rulla nærmare husa for kvart år og truga med å ta oss. Inst i ein fjord, på veg utover mot den neste. Der bygde far huset. Der fann eg slike karar som eg sjølv ikkje lenger kan nekte for at eg kan bli. Skal bli. Fryktar å bli. 

Har eit søskenbarn i Slågen, ein banjo-på-brua-plass som etter at eg flytta har fått heilårsveg gjennom eit av dalføra. Fekk aldri lov å dra dit. Moro og far sa ikkje kvifor. Dei trengte ikkje gje grunnar for å ikkje dra til Slågen, sa dei. Begge to. Som om dei hadde øvd.

Når dei sa det, trudde eg at det var ein stor kjærleik mellom dei; lange samtalar, at dei strauk over kvarandre på kjøkenet medan eg var på skulen, kviskra små ord som ikkje kunne seiast høgt, for då blei dei for store. At dei hadde meir til samans enn å stå i kvar sin ende og dra når det store lakenet skulle strekkas sundagskveldane.

Då eg var borte frå Slågen, tenkte eg på Slågen som ei hemmeleg verd befolka av karakterar som finns på alle småstader. Tremenningar som gifta seg, kvinnfolk som jamt laug av seg fire år og kledde seg som dei var fjorten år yngre. Menn utan vilje til noko anna å bli buande og forsvara akkurat det valet til dei blei så gamle at dei gløymde kva anklaga var. Menn utan oppdrift, som kun blir overraska av sidevind og aldri får innkalling til tannlege.

No er eg i bygda igjen. Eg har ein blå Ford, kan køyre kor eg vil. Eg kjenner for å køyre til Slågen, kanskje helse på søskenbarnet mitt. Nokon i bygda veit sikkert kva han heiter, kvar han bur. Eg kom frå Bergen og hit, kom heim. Kan seie mykje om reisa attende, og skal gjere det. Men eg kom heim. Og kan ikkje anna. Dreg eg no, gir dei meg opp for godt. Desse fjordarmane er det einaste eg har av feste, den siste gode plassen.

I det siste har eg lurt på om det ikkje er endå større skilnad på folka i Slågen og folka i fjorden, enda det berre er ei fjellkjede, nokre sauebesetningar og langstrekte kraftledningar i mellom. Eg ser strengane gå inn i skogen under fjellfoten og dukke opp på ein av toppane, før dei går ned igjen på andre sida. Bak der er Slågen, og Slågen er ei anna verd.

 

Advertisements

§ 2 Responses to Ei anna verd på andre sida av fjellet

  • Kjell Petter says:

    Jeg mener at å lese det du skriver i bloggen viser meg med all tydelighet hvorfor Vestlandet (minus byer av en viss størrelse) er bakstreverske, mot enhver form for framskritt og ute av stand til å akseptere at verden er dynamisk og konstant i bevegelse.

    Således kan man kanskje snakke om en viss litterær verdi i det du skriver. Bloggen din supplementerer de fantastiske reiseskildringene i “Vestlandsfanden”. Til sammen viser dere at vestlandet gjennom århundrer har stått på stedet hvil og vil fortsette med dét.

    Fascinerende.

  • mykstart says:

    Så kjekt at du vestlandsblogger. Klem på. 🙂 Helsing vestlending i hovedstaden.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Ei anna verd på andre sida av fjellet at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: