Lyd og låt ein laurdag kveld

October 11, 2010 § Leave a comment

Ei gjendikting av “Lookin´for The Heart of Saturday Night”  av Tom Waits.

Typisk #heimflyttarmusikk, du finn låta på Spotify: http://bit.ly/OEu6b

 

Du varma ho opp

pikenes jens

Legg ei arm kring ho du har

I Mercedes Benz

Slepp doninga ned Storgata

etter lyd og låt ein laurdag kveld

 

Og du fekk løn dagen før

Og lommane ristar

Og du ser alle lysa

Og alt som fristar for du driv med i duren

av lyd og låt ein laurdag kveld

 

Så du kjemmer håret

Og får glatte kinn

Slik du var, utan svinn

Så tel du opp, du veit at dette er den laurdagen

du er på topp

 

Stoppar for det raude

Startar å skjøne

At i kveld er sjølve kvelden

Då alle lys er grøne

Og du slepp doninga ned Storgata

etter lyd og låt ein laurdag kveld

 

Er neonlyset fint? Smell det enno i vanta?

Telefonen ringer, ho plagsame tanta

Er det flørtande smil frå ho bak baren?

Eller ein tåre som seier du var rette karen

 

Får deg heilt heit og til å frysa på ryggen

Til drøyme om laurdagar som no står i skyggen

Og til å driva

til lyd og låt av laurdag kveld

 

Du varma ho opp

pikenes jens

Legg ei arm rundt ho du har

I Mercedes Benz

Slepp doninga ned Storgata

etter lyd og låt ein laurdag kveld

 

Er neonlyset fint? Smell det enno i vanta?

Telefonen ringer, ho plagsame tanta

Er det flørtande smil frå ho bak baren?

Eller ein tåre som seier du var rette karen

 

Får deg heilt heit og til å frysa på ryggen

Til drøyme om laurdagar som no står i skyggen

Og no driv du

Driv til lyd og låt av laurdag kveld

Ser over skuldra

Etter lyd og låt av laurdag kveld

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Lyd og låt ein laurdag kveld at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: