Postkort frå nok “Eit Norge i miniatyr”

October 12, 2010 § 1 Comment

Er de heilt sikre på dette med “Eit Norge i miniatyr?”

Ho skjøglar på meg over brillene som på ein gut på tredje rad som ikkje sit i ro.

Skal du har Noreg og ikkje Norge, no igjen? Omkamp er for seint, seier ho.

Neineinei, seier eg.

Eit dummytrykk av brosjyra ligg på bordet. Eg er med i ei gruppe med rådmann, ordførar, kultursjef og nokre frå teknisk etat. Vi skal sjå kva vi kan gjere for å få turistar hit, men slagordet var klart lenge før eg flytta heim.

Svært mange kommunar har brukt “Eit Norge i miniatyr” frå før, hevdar eg, det er korkje originalt eller spesielt godt, byrjar eg.

Men det er jo sant, seier ho.

Sanninga skal ikkje alltid fram, svarar eg.

I brosjyra er det ungar som står i båt med oransje vestar og ein torskefaen på kroken, borneborna til ordføraren. Det er ei sprek ei på teknisk etat som ser ut som ho klatrar. Eit anna bilete viser kommunesentrum. Vi skal vise fram helleristninga (som ser ut som ein knørva pose twist) og nokre naust (ikkje mitt).

Problemet, seier eg, er og at det er finver på alle bileta.

Finver har aldri vore noko problem, humrar ordføraren og går rett over i  ei dryg kule røykhoste.

Eg kan kjenne kor aleine eg er.

Kva om vi sel inn styggveret? spør eg.

Sanninga skal ikkje alltid fram, seier ho og fiklar med snora som held brillene.

Ei av dei andre går ut og kjem inn igjen med to termokanner kaffe og to fat.

Eg vann kampen om wienerbrøda.

Advertisements

§ One Response to Postkort frå nok “Eit Norge i miniatyr”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Postkort frå nok “Eit Norge i miniatyr” at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: