Kjem frå ei rad med menn som har skifta tennpluggar sjølve

October 14, 2010 § Leave a comment

Eg har skifta tennpluggane på bilen. Og eg skryt av det. Skryt! Først på twitter, så i bloggen, og eg kjem til å prøve å seie det så avslappa som mogleg til dei eg treff i kveld? Kva eg har gjort i dag? Neeeei, arbeidd ein del, drukke kaffe, fem koppar, –  og skifta tennpluggar. Hjartet kjem til å banke, eg er kry av å ha fått det til. Men skjems av å skryta av det.

Eg kjem frå ei lang rekke av menn som skifta pluggar sjølve. Menn her ute skiftar pluggar med like stor lettheit som eg hentar ei bok på biblioteket eller les ei novelle. Dei eig pluggnøkkel (eg måtte låne ein), dei har gjerne ei Bosch-eske eller to liggande i garasjen, om dei skulle få lyst til å berre stikke på seg crocksane, slentre ut, bende opp panseret og skifte litt pluggar.

Når eg køyrer til dugnaden i kveld, i ein gamal bil som kjenns heilt ny ut på grunn av dei nye pluggane, ein bil som ikkje luggar eller dreg surt, skal eg sjå meg rundt. Sjå på karane. Prøve å finna ut alt anna dei kan som eg burde kunne. Dei blei. Eg dro. Eg kom attende utan å kunna så mykje anna enn det boklege, å sitje i lange møter, skrive rapportar og møte opp tl avtalar på tida.

Dugnad er å gjere den oppgåva ein er tildelt og halde praten i gang, utan å nemne at ein har skifta pluggar sjølv.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Kjem frå ei rad med menn som har skifta tennpluggar sjølve at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: