Lensmannen henta han som rasa paulus

October 17, 2010 § 3 Comments

Plutseleg sto ho breitt på verandaen. Ingen kan stå breitt som nabokona Annlaug. Ho har, som mange andre kvinner i sekstiåra her ute i kakeland, teke form av ein kar, nærmare sagt mannen sin, ein legendarisk stuert. Ho hadde gått over plena og opp på verandaen. Eg satt med nasen i eit excel-ark og prøvde få skikk på ei slekt i Slågen, det er som kjent ingen lett jobb, så eg skvatt. Skikkeleg.

Ho sto i same positur til eg opna verandadøra.

Lensmannen har henta han, sa ho.

Kven då? sa eg

Har du ikkje høyrt? Han som rasa paulus i eitt hus ute i fjorden i morgontimane.

Perfekt, sa eg.

Lensmannen skulle vore her oftare, sa ho og skutta seg.

Kven var det? spurte eg, måtte prøve å vere interessert, for det såg ut til å vere viktig for ho.

Ho nemnde namnet, eit namn eg kjente igjen, for eg skriv bygdebok og visste at den pågripne kjem frå fleire generasjonar med undertrykka raseri og villige nevar.

Kva hadde karen gjort? spurte eg

Vei ikkje. Berre rasa paulus, det er det dei seier, sa ho og stabba attende over plena.

Det sa far min også. Han brukte omgrepet å rase paulus. Men kva tydar det? Kvar kjem det frå? Er det nokon språkkyndige her som veit kva det er å rase paulus – både utan og med gammeltestamentleg stor P?

Advertisements

§ 3 Responses to Lensmannen henta han som rasa paulus

  • MT says:

    Aldri høyrt uttrykket Rasa paulus,artig. Det er vel ein villstyring det…?

    Ser på twittringa di her,”dvalehjerter”,nydelig.
    Og ein saxofon som smyg seg rundt i stova er aldri feil:)
    Mvh Marie

  • MT says:

    Nei,eg twittrar ikkje,berre kvitrar innimellom:)
    Såg berre twittringa du har her på denne sida/bloggen din.

    ..og du,takk:)

    Køyrde i regnsludd heim frå jobb…..uff.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Lensmannen henta han som rasa paulus at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: