Ei hår på tvers over rillene

October 19, 2010 § 3 Comments

Så lite skulle til. Eit lyst hår som lå på tvers over rillene på den lp-plata som låg på spelaren. Hennar hår. Må ha vore frå den gongen vi dansa, brukte heile golvet, alle hjørner, inntil vi støtte borti ei lampe, ein høgtalar eller steroanlegget i ustø glede.

Eg må ha lagt lokket over platespelaren utan å tenke meir over det, slik ein ofte legg lokk over platespelarar utan å ofre handlinga en tanke. Lokket har ligge der og beskytta håret, beskytta minnet. Då eg tok det av i kveld for å spele ei av dei gamle Miles Davis-platene, låg håret over spor to og tre, som ei trassig, tynn bekk over eit svart berg.

Når ein har vore ei stund åleine, er det ikkje ofte ein finn ting i huset som får ein til å kveppa, stoppe opp og kjenne hjartet rasa i brystet. Før kunne det vere glemte, små klesplagg, ei hårspenne, eit glansa vekeblad nederst i aviskorga, slike ting.

Eg løfta håret forsiktig av vinylplata og heldt det opp mot lyset, sto der som ein annan idiot og trudde eg skulle sjå noko meir i håret om eg løfta det mot lyset. Slik ho ein gong gjorde med mitt liv.

 

Advertisements

§ 3 Responses to Ei hår på tvers over rillene

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Ei hår på tvers over rillene at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: