Blues for ein komande kjernekar

October 21, 2010 § 1 Comment

 

Yer gonna make me lonesome when you go,  song Bob Dylan då eg var gut (Blood On The Tracks, 1975), men ingen treng forlate staden her for at nokon skal bli einsame. Eg er i ferd med å bli dregen inn i ei okkult klan av folk og ibsenske figurar eg aldri hadde trudd eg skulle ete møtewienerdrød med. Dei deltek på dugnad med eigne spadar og dei står på sidelinja og skrik “sikra bakover, gutar, sikra bakover” på småguttanes fotballtrening, som om det er det livet handlar om, å sikra bakover. Dei finns i møter på kommunehuset, i underutval og velmeinte komitéar, som ordføraren, på noko han trur er moderne og framsynt språk, kallar “tenketank”.

Desse folka gjer noko med deg.

Kjernekarane gjer kjernekarar av andre, så umerkeleg og sakte at du trur du er på utsida, at du er eit alternativ eller eit såkalla friskt pust, heilt til du er dregen inn og berre endar opp med å vere morgonpustet av nestan varm traktekaffe, to skiver protestantisk skoren brunost og du er blitt lik. Lik dem, lik ein du trudde du ikkje hadde i deg.

 Dei står og går som om dei eig, og snakkar om å yte framfor å nyte. Dei doserer plikt uten kjensler, men pliktkjensla dunkar i brysta deira, under allversjakkane med tre farger og refleks på erma.

Ikkje er dei redde for å vere vanlege. Vanleg is the new strange her ute, og dei er i ferd med å skape ei ny einsemnd som berre den som har stått utanfor kan kjenne til, kjensla av å vere dørgande åleine midt blant dei.

Men dei driv dugnadane, dei driv foreningslivet, dei driv kommunen og alle interkommunale samhandlingsprosjekt, dei driv heile Noreg. Og dei vinn. Ikkje nok med det. Ikkje berre vinn kjernekarane, dei kallar det arbeidssiger,  finaste og reinaste orda dei veit. Arbeidssiger.

Ingen på nordvestlandet kan seie noko på ein arbeidssiger. Eg lar dei vinna, men veit ikkje heilt om eg snublar vidare inn i mengda eller stikk.  Eller døyver kjensla med rillelinjene Been shooting in the dark too long/
When somethin’s not right it’s wrong

 

(Takk til forfattaren, bloggaren og min ven @byskog som oppmoda meg til å skrive om kjernekarar. Berre slik kan eg få rista det av meg i ein Bobsongs tid)

Advertisements

§ One Response to Blues for ein komande kjernekar

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Blues for ein komande kjernekar at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: