Litt lunk ein tidleg morgon seint i oktober

October 25, 2010 § 1 Comment

Ikkje noko meir, faktisk, enn at lyden av isskrapa mot bilvindauget tidleg på morgonen som fekk det til å gå kaldt ned ryggen på meg. Bladet som høvla bort frosten. Dei små sponliknande flaka som spratt til sida og gnissinga då bladet verkeleg fekk tak i ruta; som å skjære livet enno meir inn til margen kvar morgon, kvar seine oktober, kvart år.

Ikkje noko meir, eigentleg, enn vinden som bit fingrane som grip om skaftet på skrapa, vinden som klorar og gjer at eg fomlar med nøkkelen i ein treg lås oghender som knapt nok vil strekke seg fram og røre det golde rattet. Men vi gjer det same kvart år. Skrapar, fomlar, skuttar oss, strekker motvillige armar fram, kløtsjar, girer og humpar fram og bryt opp tynnisa pyttar på veg opp mot postkassa. Inni oss knurrar varmeapparatet, jobbar og pesar og det er håp om litt lunk før vi begynner på den store boga inst i fjorden,  forbi småbåthamna med skinnande kvite solskrog. Forbi strandflekken der ungane badar. Forbi grasvollane ned mot svaberga der det går an å ligga i graset med armane kring den ein måtte elska.

Når ein har kome så langt på vegen og tenkt alt det, blir livet litt linnare. Isskrapa ligg og dryppar av seg på golvmatta framfor passasjersetet, der ho brukte ha beina sine. Fingare er blitt mjukare. Eg finn fram cd-bunken frå solskjermen, finn rette plata, sett ho inn, spelar songen vår.

Ikkje noko meir enn det.

Advertisements

§ One Response to Litt lunk ein tidleg morgon seint i oktober

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Litt lunk ein tidleg morgon seint i oktober at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: