Flørtar du, spurde ho i vinden

October 27, 2010 § 1 Comment

Flørtar du med meg? spurde ho.

Eg gjorde jo det, på min eigen keitete måte, men altså nok til at det nådde fram. Kva skal ein svara?

Eg er berre vinden som bles forbi, sa eg, kjende korleis orda vaks i munnen min, kor pompøst det blei, korleis eg sto der og gjorde fjols av meg sjølv, så eg begynte å gjere det ein vel ikkje skal gjera, eg begynte å forklara at det kan sikker vere artig å ha ein drage i ei snor og stå opp mot vinden, eller å sleppe ein ballong for å sjå kor han dreg, men vinden bles forbi, det er no sikkert.

Små stader er mindre for kvinner, men kanskje aller minst for heimflyttarar. Ein utanfrå kunne sagt at det heng ei trist sky over evnerike kvinner som ikkje allereie har kome seg frå ein plass som det her, men eg ser det slik: ho likar plassen sin, arbeid og vener, ja, livet sitt. Eg kjem attende hit fordi eg ikkje likte plassen, arbeidet, venene og livet der eg var. Og må prøve å gjere deg her. Eg likar ho, men sto altså der og dumma meg ut.

Og elles, da, sa ho – korleis trur du det går med bygginga av ny veg mot Slågen?

Eg såg glimtet rundt munnen hennar. Heldigvis. Vi braut ut i latter og latteren gjekk mot himmelen, der dei innbilte dragene og ballongane mine ikkje var.

Ho tok av skjerfet og heldt det opp mot vinden.

Fint du tok det slik, sa eg, og tenkte på kva den notoriske kjernekaren av ein varaordførar brukar seie så ofte han kan: Ein skal bygge bruer, ikkje brenne dei.  (Han meinar det bokstavleg)

Så du flørta? spurde ho.

Advertisements

§ One Response to Flørtar du, spurde ho i vinden

  • MT says:

    Det er fint for evnerike kvinner at kjernekarar,andre enn varaordførarkjernekarar,flyttar heim,-og bygg bruer mellom…..

    🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Flørtar du, spurde ho i vinden at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: