Ikkje alle bryr seg om natur

October 30, 2010 § Leave a comment

Ikkje alle rundt fjorden bur her for naturen si skuld. Såg to av dei i dag, to søsken som bur saman. Ho er eldst, han har ein skade i eit av beina, og eg har aldri sett dei ute før saman. Kvar for seg, men aldri saman. Eg kjenner namna deira og oppnamnet, men det siste har ikkje noko  å gjere i den verda eg vil leve i.

Ein gong høyrde eg broren snakke. Han sto framfor meg i køa på butikken og mumla førti Pall Mall hundre frå hetta på den store jakka si. Han betalte og gjekk ei ei stor boge bort frå kassa.

I dag morges såg eg dei igjen, utanfor huset sitt. Dei sto med kvar si jakke slengt over skuldrene og røykte sigarettar. Søster og bror sto halvt vendt i kvar si retning, som om det ikkje var meir å seie, som om dei hadde lite med kvarandre å gjere.

I glimtet eg fekk frå bilen på vegen, tenkte eg straks på oppnamnet deira, men skjemtes litt. Eg vil ikkje tenke slik, vil kkje vite alt.

Var det noko anna. Jo, eg hadde aldri set dei ute før saman, kom eg på. Aldri ved sjøkanten, aldri i skogane eller på veg mot turboka slik mange her ute driv med. Andre folk er ute. Desse to har livet sitt innanfor.

To einslege, kanskje einsame, menneske sto på den blaute bakken framfor eit hus som kunne vore mala betre og dreiv på med sitt. Akkurat då eg køyrte forbi tok han eit djupt drag av sigaretten. Gloa skein i den grå morgonen og eg tenkte at når han bles ut, er himmelen er den store vifta som tek unna både denne og alle dei andre sigarettane han skal røyke.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Ikkje alle bryr seg om natur at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: