Trekken frå ei dør ho gløymde å lukka etter seg

November 1, 2010 § 3 Comments

Har du ikkje fyrt opp?

Mor mi treng ikkje spørre. Ho kjenner at lufta i stua står still, ser at lysa er av. Ho ser på møblane som om dei er daue. Ho står i døra med det gule kjøkenlyset og ein låg radio bak seg og treng ikkje å spørre. men ho spør fordi ho er redd eg skal frysa. Det skulle teke seg ut, om naboane fortalde at det aldri ser røyk frå pipa, at vaksne mannen sit der og frys. Han spinkar og sparar på veden, seier ein. Kanskje han ikkje kan fyra omn, undrar ein annan. Kanskje har han budd så lenge i byen at han har gløymt kor rå han kan vere. (“Han” er sjølvsagt den heilage treeininga: havgufset, nordvesten og dei andre kreftene som spreier mørkre. )

Når mor mi har snudd den artige heimepleiarbilen sin og køyrt heim, kjem alvoret over meg. Ho har rett. Eg fyrar mest i kjøkenet når eg arbeider og stenger dørene rundt meg. Om ho tenkjer i overført betydning, eg trur ikkje det, men ein veit aldri, ser ho at eg berre prøver å lukka visse deler av livet ute. Der eg veit at eg frys, der ho veit at eg frys.

Når eg har lagt innpå nok ei vedskive og finstilt trekken, hugsar eg kjensla av at det aldri er så kaldt som når du står i trekken frå ei dør ho gløymde å lukka etter seg.

Advertisements

§ 3 Responses to Trekken frå ei dør ho gløymde å lukka etter seg

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Trekken frå ei dør ho gløymde å lukka etter seg at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: