Frå båt, beste vare

November 6, 2010 § 1 Comment

Ein kjenning svinga oppom og spurde om eg skulle ha noko til i kveld.

Ha noko? sa eg.

Julebordet, sa han. Folk brukar ha med seg. Denne vina som er til maten er jo ikkje nok.

Då slo det meg at eg har gløymt grendejulebordet. Kvar grend har sitt eige julebord. Bygda delte seg i forskjellige julebord etter ein langvarig og durabeleg krangel om ein veg i 1987. Dei fleste har gløymt kva krangelen handla om, men grendejuleborda fortsett.

Kjenningen sto ved bilen sin. Er det noko eg ikkje veit om, noko eg ikkje har forstått?

Du skal vel på julebordet? spurde han.

Ja, sa eg.

Og du skal ha med deg noko?

Eg har eit par flasker riesling, sa eg.

Eg har med meg noko, sa han og opna bagasjelokket.

Frå båt, beste vare, sa han.

Så du sel, sa eg.

Alle veit jo det, sa han, men du har vore lenge borte.

Ja, sa eg.

Du skal ikkje ha ei flaske?

Må jo det, sa eg.

Vi blei samde om ei flaske brun rom.

God å blande med cola, sa han.

Så det brukar gå for seg på desse juleborda? sa eg.

Det skal eg seie deg at det gjer. I år er det fotoforbud, seier komiteen. Folk legg ut bilete på Facebook med ein gong, og det er jo ungar som brukar desse greiene.

Eg sette flaska med brun rom bakerst i ein skåp, men tenker at eg må lada mobilen før eg går. Eg tenkte at eg skulle dela inntrykk med dykk på twitter i kveld. Kjenningen min sa ikkje noko om forbod mot twitter. Kor er dressen?

Advertisements

§ One Response to Frå båt, beste vare

  • MT says:

    Go`morn heimflyttar:)
    Fylgde twittringa di i går via sida di her.Du får sagt mykje med få ord.
    Innlegget ditt her set fokus på eit stort problem,det trur eg mange meiner uansett standpunkt til alkohol. Ang.forbud mot bilder,-trur det er lurt,men….du maler bilder med dine ord 🙂

    Marieklem

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Frå båt, beste vare at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: