Å halde ut november

November 8, 2010 § 1 Comment

Det norskaste som finns, er å  halde ut november.

 Alle syt og ber seg over januar. Han er lang og sur. Nokon syt over desember, men det er like mykje for å få fortalt om kor populære dei er (alle juleborda), kor travelt det er (alle arrangementa i skule, barnehage og på arbeidsplassar). Enkelte klagar og over at tida ikkje strekk til i butikkar (for å vise kor mykje omsorg dei legg i gåvene).

November er bøygen. Å tåle november, er like norsk som sjølve ordet bøygen.  Hausten startar med å lulle oss inn i stadig mindre lys. Nokon syns det er koseleg. Vi rakar blad, legg båten i opplag, legg om dekk, finn fram jakkane og skiftar til raudvin, men vi har gløymt november sidan i fjor. Frå ein kveld til neste morgon har han festa grepet, frose oss inn til beinet, trekt livets store gardin for sola og har oss der han vil ha oss.

November vil teste kor gode protestantar vi er. Om vi beheld trua, om vi klarar å tru at det faktisk kjem linne vårar etter dette.

Eg likar ikkje november, men går og går, mest for å halde meg oppreist.

Advertisements

§ One Response to Å halde ut november

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Å halde ut november at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: