Eg gjer dei rette tinga denne gongen, sa ho.

November 9, 2010 § 3 Comments

Brukar ikkje gjere det, sa ho, tok eit drag, såg på sigaretten, mosa han i askebegeret på verandarekkverket og såg på meg.

Brukar ikkje gå tilbake til nokon, sa ho og let all røyken siva ut.

Kva kan eg seie, sa eg.

Du kan seie at eg gjer rett ting, sa ho.

Men eg kjenner deg ikkje så godt, i alle fall ikkje han eller kva slags forhold de har, sa eg.

Hadde, sa ho.

Eller har, sa eg.

Ho såg ut over fjorden og det låg på meg å seie noko.

Kva gjer du no?

Som eg brukar.

Kva brukar du?

Finne ein ny fort, sa ho. Dessverre, dessverre, dessverre, la ho til, sette hendene i det kalde rekkverket og lente seg fram slik at håret falt ut til eine sida.

Eg blei stille igjen.

Du er så god å prate med, sa ho, halvt vendt mot fjorden.

Eg?

Fordi du ikkje fortel meg kva som er best eller prøver å styra meg.

Kjenner deg jo ikkje, mumla eg.

Nei, og då vi kjente kvarandre som små, trudde vi vel ikkje at vi skulle stå her og prate om slike ting, sa ho.

Nei-he-hei sa eg, det låt kanskje som latter.

Ho smilte.

Søren, klype heller, sa ho.

Kan ikkje seie at all småprat på Kiwi endar med slike drama, sa eg.

Bra for deg, sa ho.

Deg også, sikkert? spurte eg.

Spelar ingen rolle. Eg kan ikkje bu her særleg lenger.

Kvifor ikkje, sa eg, kvifor kan du ikkje bu her?

Ho svarte ikkje.

Så kva gjer du no? spurte eg.

Gjer dei rette tinga denne gongen, sa ho.

Advertisements

§ 3 Responses to Eg gjer dei rette tinga denne gongen, sa ho.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Eg gjer dei rette tinga denne gongen, sa ho. at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: