Skal ikkje bli lenge, seier ho, og dreg kåpekragane enda tettare saman

November 11, 2010 § 1 Comment

Nei, er det du som er komen, eg syntes eg høyrde det gå i døra.

Eg ringde på fleire gonger.

Var i vaskekjellaren, skjønar du. Må vere noko gale med ringeklokka.

Og da så eg døra var ulåst.

Kan skjøna det, kven skulle koma rennande heilt opp hit og bryta seg inn?

Nei, sei det.

Kom inn og heng av deg, det er varmt og godt i stova.

Eg skal ikkje bli lenge, seier ho, og dreg kåpekragane enda tettare saman. Dei står igangen med eit bleikt lys over seg, men lyset skin i bileta av gutane som heng bort korridoren til bada og soveromma. Knøttelag, småguttelag, konfirmasjon, dei vanelege bileta.

Ho rettar på skjerfet og kremtar. Gjennom dørene høyrer ho den låge duren av en motor på tomgang.

Det gjeld mannen din.

Mannen min? Har det skjedd noko?

Har han ikkje sagt det til deg?

Kva då?

Det ante meg.

Kva er det du prøver å seie?

Så riv ho seg laus. Døra ut til ytterste gangen er treg grunna temperaturforskjellane. Utgangsdøra smell dumpt bak henne. Bildøra knepper att når ho bryt bilen i gear.  Ho strekk seg i setet, ser i spegelen og lurer på om ho ser annsleis ut no, etter dette?

Ho ser seg i spegelen, heng den raude kåpa på knaggen, sukkar og utset det til våren, til frosten har gått og vegen ned frå huset hans ikkje er så hard og isete. 

—————-

(Takk til @vrangest som ga meg tre ord å spinna denne tråden rundt)

Advertisements

§ One Response to Skal ikkje bli lenge, seier ho, og dreg kåpekragane enda tettare saman

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Skal ikkje bli lenge, seier ho, og dreg kåpekragane enda tettare saman at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: