Vegen ned til sjøen og andre fantasiar

November 14, 2010 § 2 Comments

Veit du kva ein kvilar er? Nausteigarane her ute veit det, spesielt dei som bygde nausta sine sjølve. Terrenget er ofte ulendt og dei tråkka opp stiane sjølve, rydda småskog og tråkka vidare. Ofte kan ein sjå fleire alternative ruter mellom naust og bustad. Mørke stiar snirkla seg mørkt rundt bergknausar, på kryss over bekkane og gjennom småskogen.

No trur du sikkert eg er 110 år gamal. I arbeidet med bygdeboka skal ein og vere 110 år gamal. Og nokre gonger 17. I ein gravferdsomtale i lokalavisa frå tidleg 1980-tal, kom eg over ein kar som hadde vore så dyktig til å bygga kvilarar. Dette var framheva som noko han var god til.  Kva ein kvilar er?

Tja. På dei bratte vegane ned til sjøen, sto det forskjellige slags bukkar og sete ein kunne kvile kroppen eller fiskekassen på. Rett og slett ein naudsynt stoppestad i ulendt terreng, ofte bygd som eit sete i tre på ein stad kor ein absolutt ikkje venta å finna noko menneskeskapt, med mindre ein eigde vegen ned til naustet og hadde fått karar som avdøde til å bygga ein kvilar eller fem for seg.

Fantasien min spring avgarde når eg finn slike nekrologar. Kva slags type var han som blei hugsa for å bygge kvilarar? Ein energirik kar som hoppa rundt og skapte pauser for andre i bratthenga? Og kva slags mann gjorde det ham til i ekteskapet, overfor borna? Ein spesialist på eit fin, utdøande byggeskikk? Eller ein som ikkje var dyktig nok til  høvle skjenkar og endte opp med å bygga kvilarar?

Eg kan spørre sonen hans. Sonen vil heilt sikkert gje eit greit svar, utan noko fantasireise eller bruk av metaforar. Nokon gonger må ein la fakta berre vere fakta og ikkje prøve tyde for mange ting.

Mest av alt var han kanskje ein mann som bygde kvilarar utan å ha noko større tankar rundt si gjerning her på jorda. Og det er slike det er flest av  bygdebøkene.

 

 

Advertisements

§ 2 Responses to Vegen ned til sjøen og andre fantasiar

  • fr.martinsen says:

    Slik er det ofte fatt med oss.

  • mittsnitt says:

    Disse levenende, vanlige menneskene som neesten er borte i historien, de er noe av det vanskeligste og mest spennende. Så fint hvis du kan spørre sønnen hans. Men kanskje det går an å blåse litt liv i faren selv om du ikke finner mer informasjon? Jeg har tenkt en del på dette, og lurer: Ved å stille slike spørsmål i selve teksten (i bygdeboka), kan du kanskje skape et rom som leseren selv kan fylle? Jeg ser hvertfall denne mannen litt klarere for meg her, bare ved at du spør. Hvis du kan gi noen svar i tillegg, er det en fantastisk bonus. Takk for fine tanker!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Vegen ned til sjøen og andre fantasiar at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: