Alltid ein annan plass

November 16, 2010 § Leave a comment

Kan vere det som skal til, å utsetje livet ditt for ytterkantane i ein morgon? Trå i dei misnøgde støvlane, slepa beina over mark, småstein og blaute grasbakkar ned til fjøra og berre stå der?

 Kjenne at sjøen slår opp over støveltuppane og at det ikkje gjer nokon forskjell. Sjå etter blinka frå lykta ute i fjordmunnen, late att augene, prøva å blunke likt med lykta. Pusta djupt og kjenne lukta av fordervelse. Svart tang, isande lydar når det bryt over steinen,  slakke klukk av vatnet som trekk seg tilbake. Ikkje tegn til liv, berre ein reservert måke som held utkikk, held alt på plass.

Både mann og fjord har lyst til å bryte laus, vere noko anna, ein annan plass. Ein plass kor den låge vinden over vatnet ikkje bit, kor det ikkje ligg sundolitt fleire meter oppå land etter floa som trakk seg på plass, kor folk som står slik ved havet ein morgon er glade, kor dei legg ansikta opne mot horisonten og tek bølgeleiken inn over seg.

Så bryt ho gjennom, først sjenert, men ho legg lys i ansiktet mitt og eg veit det jo, veit det jo godt, at ein alltid er ein annan plass når ein har tid til å vente ved fjorden.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Alltid ein annan plass at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: