Teikne i mørkret med ei glo

November 21, 2010 § Leave a comment

Har du ikkje noko i frysaren? Burde tenkt meg det. Eg skulle hatt med noko, jaja, sa ho.

Søndagsbank på dør utanfor tida for innsamlingsaksjonen. Ante ikkje kven det var, og da eg såg kven det var, ante eg ikkje kvifor ho kom.

Tanta mi er ein skrue. Verkar mykje eldre enn faktisk alder,  men ho er attpåklatt og barn av gamle foreldre. Alvoret ligg i andletet hennar, men ho jabbar jovialt og lest som alt er greit ein novembersøndag, og når begge to gjer sitt beste, då er alt greit.

Eg sa eg kanskje hadde ei flaske i skåpet, ei uopna Baileys og ho sa at det var reint for mykje, nei, det skulle eg ikkje bry meg ned og fire-fem likanande nektingar før ho styrta det første glaset og kikka spent på meg.

Ho drikk ikkje, det må de berre ikkje tru, men akkurat i dag fekk ho fliren over seg og snakka seg varm på både det eine og andre som interesserte meg. Bygdesnakk, slektsnakk, versnakk, føresnakk, jatakksnakk. Etter dem femte glaset, sa ho at ho skulle fortelje meg noko.

Det gjeld mor di, sa ho.

Treng eg eit glas eg og? spurde eg.

Nei, korleis det?

Berre ein måte å svara på, mumla eg.

Så fortalde ho noko om mor mi, noko som skjedde før ho traff far. Særleg farleg var det ikkje, men eg undra meg på kvifor dette kom no. Ho sa det ikkje med reine ord, men eg fekk ei kjensle av at ho ser på meg som vaksen no. Som vaksen nok, som ein som toler å høyra ei sanning eller to. Og ho lo heile vegen ut bilen da skyssen kom, til dei svarte augene til onkel Albert som sat med motoren i gang og teikna i mørket med ei glo.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Teikne i mørkret med ei glo at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: