Stor, grå, grovkorna taus tid

November 23, 2010 § Leave a comment

Ringen rundt månen varslar noko vi kjenner så alt for godt, beibi.

Noko skal skje. Det blir skifte. Dramatiske endringar medan vi søv, kanskje. Ein døsig formiddag som karrar seg opp og blir ein sidevinds ettermiddag og får meg til å gå ned for å ause båten i kveldinga.

Vi såg ringen rundt månen ein gong vi satt på trappa.

Du pekte mot han med gloa på sigaretten din, nok til at eg såg rørsla, men du sa ikkje noko. Berre satt der tung i kjøtet, matt av all diskusjonen rundt ting som var langt mindre enn månen.  Kaffekoppen min hadde slutta å ryke, slutta å varme fingrane. Koppen var berre noko å halde i, og eg kolva innhaldet ut ved sidan av trappa slik at det blei ein stor, mørk flekk som rann vekk. 

Har aldri vore redd endringar, beibi, berre den store, grå og grovkorna tause tida før dei kjem.

Det er ein ring rundt månen. Om ein vil, kan ein sjå han for seg i gull, blinkande av innbilt lykke og med to namn og dato inni. Eg ser på høgrehanda mi, og blir redd for nye, tause tider.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Stor, grå, grovkorna taus tid at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: