Han bles litt liv inn i liva våre, sa bestefar

November 24, 2010 § 3 Comments

No bles han litt liv inn i liva våre, hugsar eg bestefar sa når nordavinden la småskogen i vinkel og sette naustveggane i spenn. For eit vidd, tenkte eg. Eller eg ønska eg tenkte det den gongen. No er han her igjen. Færingen knirkar i utfaret, flekkar tenner mot vinden som ligg lågt over fjorden.

No hugsar eg han presis. Han kjem alltid samstundes med at eska med lilla lys blir tatt fram frå skåpet og skal settas i stakane søndag. Same veka, same tida på året, under den same truande himmelen som trugar med å rive halvøya laus frå resten og sende oss ut i virvel.

Nyttar ikkje fyre i omnen når han slår om til nordavind, sa bestefar.  Det er andre tider no, andre omnar, meir flis, tørrare aviser og førti års røynsle med fyrstikk og bark.

Så legg eg albogane i vinduskarmen og ser ut ruta, ut på skumtoppane, på naustet som jamrar, på tuntreet som får rista seg og var det ikkje ein skugge som dro over tunet i motsett retning nett no? Eg løftar hovudet. Alt er som før. Må ha sett syner, men ein stad langt inni meg veit eg at han bles gjennom livet mitt på denne tida av året, bestefar.

Advertisements

§ 3 Responses to Han bles litt liv inn i liva våre, sa bestefar

  • MT says:

    Eg fylgjer deg Heimflyttar,les tekstane dine og twittringa di på denne sida her.Kjenner på orda dine som gir gjenklang i hjertet mitt.

    Det er noko fint med desse som kjem innom i liva våra med jevne mellomrom,anten dei lever eller er døde.

    Ynskjer deg ein mild dag,og då snakkar eg ikkje om været.
    Marieklem

  • Berit says:

    Vakkert skrevet, og gjenkjennelig.
    Ønsker deg en fin kveld.
    Berit.

  • Christine says:

    Utrolig vakkert! Gåsehud….

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Han bles litt liv inn i liva våre, sa bestefar at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: