Kaldstart for eit hjarte

November 26, 2010 § 4 Comments

Det er ikkje moldklumpane i grasbakken ned mot sjøen eller siget frå takrenna som blir is på trappa i løpet av ei løyndomsnatt. Nei, ikkje telehiva i riksvegen som heller ikke blei gjort noko med i år. Ikkje dei store bakkane ein berre må opp her i livet. Det er ingen meldingar om sjukdom eller venta død som gjer det denne gongen.

Du har kanskje prøvd det: Å vakne ein time før klokka og kjenne at noko er gale, at det snører seg i halsen og at det er ei klo som held ein skjelvande fugleunge av eit hjarte. Dette er augneblinken der du riv dyna av og ser om det er nokon i rommet, men det er ikkje ei sjel der. Og det er det som er gale.  

Så det er ikkje reiskapen som ligg i vegen og du må passa deg for ikkje snubla i, det er ikkje bilen som ikkje kaldstartar og ein buss som ikkje går eller børsmeldinga som gjer deg bekymra for jobben din og framtida og landet.

Du summar deg i rommmet, ser på dei raude, digitale talla i klokkeradioen plirar som to auge hos ein ikkje heilt vaken katt. Nasjonen står ikkje i brann. Europa har ikkje starta nye krigar sidan i går, men prøv å seie det til hjartet. Prøv å seie det til hjernen som har skrudd seg på og let deg oppdaga at det framleis berre er eit djupt søkk i puta der ho brukte sova ved sidan av deg.

Advertisements

§ 4 Responses to Kaldstart for eit hjarte

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Kaldstart for eit hjarte at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: