Julekort til tenåra med håp om eit godt nytt år

November 29, 2010 § 1 Comment

Må våge å skrive meir på julekortet enn berre “God jul, godt nyttår”.

“Her er alt bra”, til dømes?

Nei. Kan ikkje lyge heller.

Tidleg ute med julekorta og grunnen til at eg i det heile sender julekort med frimerke på, er at eg fann ein svær stabel med fine kort, må vere frå seksti-syttitalet ein gong, mens eg rydda krypkjellaren i sommar. Nyttar ikkje å gå i blått –  eg har lett for det – og tenkje på kort som aldri blei sendt, sjansar som aldri baud seg og slike ting.

Far min har kjøpt desse korta frå Samemisjonen. Far min var slik også: Jo større kvanta, dess billegare kort. At over femti av dei ikkje blei brukte og bandt opp kapital i ein kjellar, fekk vere si sak. No er dei mi sak.

Fann adressa hennar på nettet. Har sjekka at det ikkje står “gift” i profilen hennar på Facebook, men ho er designar, sto det, og det var slik eg kom på det. 

For nostalgiens skuld, tek eg ut ei frimerke frå mi eiga samling frå barndomen. Der finn eg eit ustempla merke, eit med riksvåpenet og teksten offentlig sak, og set det ved sida av dagens dyrekjøpte. Kjem ho til å lika det? At ein skugge frå tenåras sterke sol kjem krypande slik oppunder jul?

Breva ho sende meg i militæret, er borte, men ikkje tanken på at noko kan vare, at ei kjensle kan halde seg i et menneske som ei glo gøymer seg under bjørka i ein omn over natta.

Om vi møtes nokon gong, kan ho seie at julekortet, nei det fekk ho ikkje/hugsar ho ikkje. Da er alt er greit for meg.  

Eg går ut på trappa og seilar ut på hålka på dei glattaste skoa eg har. Kan ikkje gå med broddar i kjærleikens seinvinter.

Advertisements

§ One Response to Julekort til tenåra med håp om eit godt nytt år

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Julekort til tenåra med håp om eit godt nytt år at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: