Det er ikkje vinteren, seier eg.

November 30, 2010 § Leave a comment

Du må visa smørsida, seier ho.

Har ikkje nokon, seier eg.

No byrjar du igjen. Sutringa.

Kan ikkje anna, seier eg.

Han er da ikkje så fælen, denne vinteren, seier ho

Det er ikkje vinteren, seier eg.

Er det meg, da?

Deg? tenkjer eg. Er det deg, Sissel uti fjorden som skriv dikt, er det verkeleg du som kjenner det stikke i grus på vegen og stive tustar frå ein førsteslått når du spring barføtt, men spring likevel? Som vuggar i takt med åretaka eg tek og ser på meg når eg minst anar det? Er det du som nysgjerrig byrjar på alle bøkene eg opnar og set ditt eige bokmerke, som ropar eg må setje på vifta når eg steiker egg og som har lært deg å dirka opp førersidedøra på den gamle Forden med hesjestrengbiten som heng ved garasjen? 

Blir det oss to som skal sjå snøen bråne og plukka den første blomsten som bryt gjennom i bedet, enda det er berre ein der, setje han i eit rugla mjølkeglas og for nokre minutt late som det berre er oss to på denne plassen?

Kanskje det, tenker eg, litt for høgt.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Det er ikkje vinteren, seier eg. at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: