Skalet rundt oss

December 1, 2010 § 1 Comment

Der bussen stoppar ligg det appelsinskal i snøen. Eg går nærmare. Nei, det er klementiner. Oransje små flak som må ha vugga som båtar da dei ble slept ned.

Rundt er det trampa med barnesko og støvlettar. Lufta er stille langs fjorden, ei slags diesellukt heng igjen. Skalet frå klementina er ikkje stivna enno.  Eg tek det opp, ser meg om etter ei søppelkasse. Det fyller ikkje hansken min, men er passe mengd til ein gutteneve. Finn ikkje nokon søppelkasse, så eg legg skalet i lomma.

Når eg har stampa av støvlane, gnidd frosenfingrane mot kvarandre og sett over kaffen, kjem eg på at eg har lomma fullt av skal, så eg tek det opp og legg det på benken. Nokon vil ha tak i meg, det pip og lyser og eg går rundt i kjøkenet medan eg snakkar. Eg ser på skalet. Eg ser på forventningar om jul og eg ser ein liten gut slite med å få av skalet, men ikkje heilt få det til fordi mor hans er nøye med nagleklippen. Guten spør far sin om hjelp og faren skreller den vesle frukta med ei åndsfraverande mine medan han ser Erik Bye på fjernsyn. Det er eit program der folk går i land, misjonærar og svarte menneske kjem attende til Norge for julefeiring, like framande som ei klemetin ved eit kassehus i ei norsk fjordarm og eg snakkar til far min no. Han svarar ikkje. Eg seier det høgare, det eg ville seie. Han svarar framleis ikkje, kjem aldri meir til å gjere det. Så avsluttar eg samtalen og kikkar på klemetinskalet på kjøkenbenken.

Eg feier bitane ned i handflata og slepp dei opp i biosøppelkassa i benken. Ei bekymring mindre, ei sorg meir å slepe gjennom julemånaden.

Advertisements

§ One Response to Skalet rundt oss

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Skalet rundt oss at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: