Veit det kjem ein vår under det kvite arket

December 6, 2010 § Leave a comment

Fire-fem mjuke centimeter landa i løpet av natta, og han valte å lande her, rundt dei to husa som ligg mellom riksvegen og fjordkanten. Husa våre ligg i ein bakke, og om du vil sjå det slik, er dei begge to på veg ned i vatnet, ut fjorden og mot Island eller Nantucket. Naboen min heiter Egon. Det er berre klar tale og høge kommandoar som får han utandørs. Som eit snøfall.

Egon pattar på ein sigarett, og eg er ikkje sikker på om det er kulde eller sigarettrøyk som bles frå munnen hans mens han svingar skuffa. Glo fresar rundt ham og fell av og til som små meteorittar i snøteppet. Ei fin førjulsbanning renn av munnen hans. Eg ser han frå stovevindauget. Når Egon småsnakkar med seg sjølv, er det forbanningar og svergeri. Om den helsikes snøen, om den jækla vinteren. Han tek heile årstida og spyttar ho som ei klyse i nærmaste skavl.  

Sjølv er eg meir mildt stemt i kulda. Veit at under snøen ligg det fleire månaders oppbløytt bakke og ilsk blåst. No er det lagt eit nytt, kvitt ark over verda rundt Egon og meg. 

Eg planta over tjue krokusplanter ved muren i haust og saman skal vi riste av oss det heile uti mars.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Veit det kjem ein vår under det kvite arket at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: