Samtale med ei fiskestong i minusgrader

December 7, 2010 § Leave a comment

Har du gløymt meg? spør ho.

Gløymer aldri deg. Var derfor eg kom, seier eg og lukkar porten for at ikkje vindfokket skal legge seg rund hælane og drive inn over golvet.

Ho har pynta seg for meg, ho skin, som av sølv. Vi har hatt så fine stunder saman. Kan vere heilt stille, stå på berga og sjå til fjorden som klukkar. Ho veit kva eg vil, eg veit korleis ho oppfører seg, kva ho er kapabel til.

Eg stryk på ho.

Ikkje lenge igjen no, seier ho.

Alt for lenge, seier eg.

Forrige sommar er berre minne, men gode bilete som går som lysbileteframvisning i hovudet mitt når eg ser ho.

Kva tenkjer du på? spør ho.

Alt vi skal gjere saman, seier eg og blunkar for å signalisera det same som sambuarar og ektefolk når dei står på ein frostbakke eller veranda nyttårsaftan, løftar glaset på slaget tolv og ein av dei spør om den andre tek eit år til.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Samtale med ei fiskestong i minusgrader at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: