Kva kulde er

December 12, 2010 § 4 Comments

Eg ser guten sitta i kulesetet på eit akebrett nederst i bakken medan faren hans er på veg opp med to større jenter på kjelke. Guten sit heilt i ro, som frosen fast, og han veit kanskje det vi visste, at hvis du berre sit heilt i ro, slepp du å kjenne verkinga i musklane, den usynlege vinteren som bit.

Det blå akebrettet er berre nokre milimeter tjukt og rir på ei jord som lukka seg for to månader sidan og slumrar samankrope med kvitkåpa over seg. Eg veit det er like kaldt no som den gongen.

Eg lukkar auga og ser guten sitta der på eit oransje akebrett i ein vinter som ligna denne og det er ein far og ei syster med i biletet og ein sekk full av klaka brødskiver i sprøtt papir, ei belønning for å halde ut alt det som skulle vere moro. Guten et snø, enda far hans har sagt at det ikkje er lov å ete snø, men han smeltar og blir varm i munnen til slutt.

Vinden vil inn i bobledressen, skrur seg under klea ved halsen og riv i nase og kinn, men det er ikkje alt dette som svir. Det er den store kulda frå ein far som ikkje har lagt merke til at du mista votten.

Advertisements

§ 4 Responses to Kva kulde er

  • Mokka says:

    Au, den slutten var vemodig!

  • MT says:

    Ja,det er kulde Heimflyttar.

    Å bli sett.
    Måtte vi sjå.

    God søndag i advent.Marieklem din veg.

  • Donald says:

    Hei Jeg er nødt til at spørge:

    biletet? Bildet?
    mista votten? mister/mangler vand? er tørstig?
    en sekk full av klaka brøtskiver – en sæk fuld af vådt brød i sprødt papir – fordi det er vådt og frosset? det må være en kedelig madpakke, uha!

    Det gør ondt, men sammenstilling af vinter og følelsesmæssig kulde giver ord på følelser, som vi alle kender og det er godt at sætte ord på.

  • Donald says:

    Jeg er lidt ked af at jeg spurgte om sproget, jeg tror jeg har forstået nu, og jeg håber ikke du tager det ilde op at jeg spurgte.

    Det er en smuk tekst, som jeg gerne ville læse og forstå – tak for at du skrev den!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Kva kulde er at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: