Framandland

December 15, 2010 § 1 Comment

Denne gongen har eg ikkje funne noko på loftet eller i naustet, dissekert det skeive gutterommet ned til den uslaste kjensla eller samtalt med Egon og Audhild eller Sissel Uti Fjorden. Ei heller funne noko i kyrkjebøkene eller anna materiale som fortel om konflikter og store liv levd i det små. Ein blir fort det ein skriv og ein skriv fort det ein vil vere.

Eg vil bere seie litt om å bu. Eg har denne plassen og eg har nokre kvaratmeter i ein by der kvadratmetra verkeleg betyr noko. Her ute kan folk ha ei kjellarleilegheit fulle av hjortegevir eller anna skrot. Ingen kjem hit for å bu. Leigemarknaden er så godt som dau, så det er  dei som blei og oss som stadig snublar i røtene herfrå. Om ikkje for andre, så i alle fall for meg sjølv; eg prøvar å bu her ei stund til.

Både her og i nokre nabogrender, er vi omgitt av hav. Både ope hav og små fjordarmar som begge kan få tanken til å springe. Då eg var gut, tenkte eg: “Kva om…”.

No tenkjer eg ikkje “Kva om…” for eg veit.

Eg veit at redningstenesta før eller sidan blir kobla inn, eg veit at det blir sjø og frost der ute, ikkje sjørøvarøyer med kvite strenger og banantre, at draumar ikkje er geografisk betinga.

Folk flest her ute bur i boligfelt frå åra 1960-1990. Desse felta ligg ikkje ved sjøen. Nei, dei ble lagde i ly, det vil seie opp mot fjellfoten, inn på markene, vekk frå havet. Og det var dette praktiske som styrte dei – og for alle framtidige generasjonar – korleis dei kom til å tenkje. Tilgangen på veg, straum, kloakk og slike ting bestemte busetnadane her ute. Ved havet bles det. Der hadde folk mista sine, ein onkel, ein far. Ikkje noko plass å vere.

Folka her ute blei som folk i andre boligfelt. Likevel er det to ting som går igjen når folk spør, og det får meg til å undre på om det er eg eller dei som er framande på denne staden.

“Er det ikkje isande kaldt og mykje blåst der nede ved sjøen?”

“Vil du ikkje ha eit meir praktisk hus?”

Nei, tre ting. Det siste spørsmålet er “Kor lenge blir du”.

Skulle ønske eg kunne svare “lenge” på det siste spørsmålet – og tru på det sjølv.

Advertisements

§ One Response to Framandland

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Framandland at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: