Ting har gått til pisis
December 16, 2010 § 3 Comments
Du veit du er i livets augustmånad når du byrjar setningar med: “Da eg og naboen min, Egon, var unge..”
Da eg og naboen min, Egon, var unge, sa vi at ting hadde gått til pisis om noko hadde gått skikkeleg skeis. Eg visste ikkje kva eller kvar pisis var, veit det ikkje enno, men det er grunn til å tru at det gror peppar eller verre ting der.
I ungdommen tenket eg det var ein vestlandsversjon av engelske pieces, at ting hadde gått i stykker. Blei heilt sikker da eg høyrte Patsy Cline sin “Things have gone to pieces”. Ho blei dermed æresborgar i fjordbygda, saman med brødrene Fogerty og Doug Sahm.
Da eg høyrte Egon nemne pisis igjen, det var snakk om ei snøskuffe han knakk skaftet på i fjor, kom eg på at eg kan spørre her inne. (Sjøv om Egon har segla i utenriksfart, t.d. Skottland, er det ikkje sikkert han har vore i pisis).
Har du høyrt nemninga pisis? Brukt ho? Forstått ho? Kan du greie ut?
Pises. Ikkje Pisis.
Pises? Seier du det? Hm. Det liknar enda meir på eng “pieces”
For meg rommar utrykket at noko har gått i stykker,ikkje gått min veg i det heile tatt 🙂