Fem ord til Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt

December 20, 2010 § 1 Comment

Ikkje lat som du ikkje såg meg på busstoppet, skriv ho.

No er det slutt på berre God Jul Og Godt Nytt år på postkorta. Då eg dro herifrå, var det langt billegare porto for fem ord enn for meir. Eg trur Posten prøvde å etterlikne den kjende Hemingway-virne. med seks ord skreiv han: “Baby shoes for sale. never worn”. Posten tillet fem ord. Elles måtte kjerringane blø med eggpengane sine, karane blø med sildepengane, men karane syntes likevel fem var i meste laget. To ord heldt: -“Like så. ”

Eg snur julekortet. Det er frå Røde Kors. Ho har støtta Røde Kors ved å kjøpa kortet, og eg blir oppmoda om å sende mitt bidrag til ein konto, men aller mest ber ho om å bli sett. Kanskje ikkje på ein busstopp ein gong, men elles. Gjennom heile året, spesielt desember då alle vi frie fuglar ønskar oss ein strømførande streng der det sit nokon frå før.

Det neste blir vel at Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt spør om eg likte kalenderen ho ga meg for tre veker sida. Eg la han på hattehylla, har gått i sirkel rundt han, som om eg var redd for at han skulle slita seg og renne på meg. At det skulle vere eit bodskap der, noko ho ville meg.

Ho ber ikkje om mykje. Berre om å bli sett. No har ho prøvd gåve og julekort. Kva blir det neste?

Eg treng meg eit kakk i bakhovudet. At eg ikkje ser Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt, handlar ikkje om ho som skriv flotte setningar, som har ein turnstong mellom linjene på Norgesblokka og løkkeskrift med både pil, boge og røynsle.

Nei, eg er berre redd for å bli stilt krav til. Så eg opnar skuffa med ting etter bestemor mi, finn eit kort med ei gullfarga julekule. Det står Jol 1978 på, men skitt au. Eg snur kortet og les det fem orda og lurar på om portotaksten er endra radkalt sidan den gong, slik ho er, slik eg burde vere.

Advertisements

§ One Response to Fem ord til Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt

  • MT says:

    “…som har ein turnstong mellom linjene på Norgesblokka og løkkeskrift med både pil,boge og røynsle”
    Det er berre så godt skrive,alt…ikkje berre den setninga altså,både i ord og innhald 🙂

    “kva er du redd for”,syng,ja eg kjem ikkje på kven det er ,men vi er vel det,alle kanskje,redd for å bli stillt krav til,ikkje nå opp,bli bunden,eller kanskje mest redd for å bli såra…

    Marieklem

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Fem ord til Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: