Vegen til evigheta går over gardstunet heime

December 22, 2010 § 1 Comment

Bøyer hovudet inn under julestjerna, ser at eg har tråkka ein annan sti til vedskjulet enn i fjor. Da den første snøen kom, lå det truleg noko i vegen der eg pleide gå. Eg trakka opp ein annan sti første gongen. Og det snødde. Eg gjekk dei same spora tilbake, fram og tilbake, og det slutta å snø og fraus til og så var stien laga.

Om du bur langs ein fjord i eit husspredt landskap med store fjell bak deg og ei open blåslette framfor, er det naudsynt å kunne sette spor etter seg for å vite at du er til, at du har vore der, for ikkje å forsvinna blant alt dette veldige.

Ruta dirrar mot nasen. Eg dreg hovudet inn igjen. Går ikkje alltid planlegga kva stiar ein skal gå, kva spor det skal bli etter ein, men eg skal prøva å hugda det når nysnøen kjem neste år.

Trur du fortsatt at det aller første minuttet av eit møte ikkje er så viktig?

Om du bøyer deg fram i glastuta og ser ut, vil du sjå kva veg nisse og anna skrømt kjem i år. Hald deg i ro, sjølv om diktaren Hans Børli sa at vegen til evigheita går over gardstunet heime. Ikkje tenk på det. Hald deg i ro. Ikkje tenk på kor spora kan føre. Jul no. Ro. Ikkje!

Advertisements

§ One Response to Vegen til evigheta går over gardstunet heime

  • MT says:

    Heimflyttar,vil få ynskje deg ei god og fredfull jule,-og nyårshøgtid.

    Dei aller første øyeblikka i eit møte er viktige 🙂
    Valga vi tek,har konsekvensar.Stiar vi tek òg.

    Marieklem

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Vegen til evigheta går over gardstunet heime at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: