Brøytesjåførtankar

December 27, 2010 § Leave a comment

Sit no mest i ro, seier han, men det kunne og vore noko han sa om arbeidet sitt, brøytesjåføren vår. Eg traff han på gangvegen, prøvde å spørre kva han gjer no som snøen har ligge i ro nokre veker og det ikkje er noko meir i lufta eller meldingane.

Det blir no mest til å sitta i ro, seier han.

Så når du ikkje brøyter..?

Då sit eg i ro.

Korleis var jula då?

Roleg. Det var Mari og eg og ungane var heime. Alt ved det vanlege.

Men me treffas vel, seier eg.

Ja, seier han, nærast letta.

På veg bort prøvar eg å forstå jobben hans. Opp i otta på dei kritiske dagane, gjerne heile nettene. Han er førstemann over alt, veit aldri kva som ventar av fokk, faste bilar eller andre uventa faktorar. Kva tenker han på når han sit i hytta bak plogen? Tenker han på kva som dukkar opp bak neste sving? Seier han fan for seg sjølv når ei vegstikke er brote ned?

Eller tenker han dei verkeleg lange tankane, om det å halde fast i tilveret, å lage veg for andre, å gå foran, å leie an? Tenker han noko omkring det å skli heilt av verda i overført tyding? Å vite at han ikkje veit noko lenger enn det han kan sjå?

Jula har vore roleg.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Brøytesjåførtankar at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: