Treng ikkje vere Hamsun, heller, seier Sissel

January 7, 2011 § 1 Comment

Treng ikkje vere Hamsun, heller, seier Sissel Uti Fjorden Som Skriv  Dikt, og går etter ein ny kopp kaffe.

Men det treng heller ikkje vere like dårleg som dei fleste bygdebøker, ropar eg etter henne.

Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt har kome på besøk. Ho har det med å stå på døra, like plutseleg og høglydt som når ein fugl krasjar i vindusruta. Eg latar som eg ikkje skjønar det, kvar gong, men ho vil meg noko eg ikkje vil. Så vi pratar om dikting, om bygdeboka og fortel kvarandre skrøner frå oppveksten og det som har hendt oss sidan og vi drikk mengder kaffe.

Du, seier eg for å kome henne i forkjøpet når eg høyrer stega over parketten, steg som tydar på at ho har breddfull kopp.

Ja?

Den bygdesongen vi syng kvar syttandemai og elles, den er sørgeleg dårleg.

Enig.

Du skal ikkje gjere noko med han, du? spør eg.

Sissel held koppen framfor munnen med begge hendene, omtrent som en mikrofon, og syng:

Me lengtar attende / frå marked, by og land

til staden der ute / der bølgjene treff land

Så går det opp for ho at ho fekk eit spørsmål.

Skal eg skriva ny tekst til songen?

Ja?

Nei, herregud, slik får eg ikkje til utan at det blir flaut, seier Sissel.

Eg tek siste supen frå koppen min:

Det treng jo ikkje vere heilt Hamsun, heller.

 

Advertisements

§ One Response to Treng ikkje vere Hamsun, heller, seier Sissel

  • Karoline Mollatt says:

    Du skriver nydelige ting, jeg er sikker på jeg vet rimelig mye om innredningen der hun står og synger med kaffekoppen, og der han vet hun vil ham noe han ikke vil. God helg, og takk for fine leseropplevelser.

    Karoline.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Treng ikkje vere Hamsun, heller, seier Sissel at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: