To menn skuvar ei sag fram og tilbake

January 10, 2011 § 2 Comments

Egon står på trappa i ei stygg topplue. Han dulta døra, banka ikkje skikkeleg på, som om han ikkje ville vekke nokon eller noko til live.

Veden er komen, seier han.

Så det var traktoren eg høyrde i morges, seier eg.

Egon går til sides for at eg skal sjå, slik ein gjer når ein introduserer nokon til ei scene.  Mellom husa våre ligg ein real stabel ferdig kvista trestkkar, fleire typer.

Er han ikkje kappa? spør eg.

Nei, eg tenkte no vi kunne gjere ein innsats sjølv, kremtar Egon.

Eg har ikkje motorsag, seier eg, ikkje eg heller, seier Egon.

No går han til andre sida. Bak døra står ei tomannssag skolt opp mot rekkverket og glinsar som ein gigantisk binders.

Skjønar, seier eg.

Eg tenkte vi skulle få trimmen, seier Egon, og fortsett å snakke, som om han leitar etter ord å orsake seg med.

Vi har skuva saga nokre gonger fram og tilbake. Noko er feil. Vi ser på kvarandre. Saga grev seg ned i tømmeret og blir sitjande fast.

Eg trur vi gjer det for hardt, seier Egon, eg trur vi skal prøve å la saga flyta oppå, ikkje pressa så hardt ned.

Vi slappar litt av, nærast dyttar ho fram og tilbake, som  ein avansert leik for vaksne med særs farleg reiskap.

Kubbane klunkar mot kvarandre nedanfor bukken og vi sparkar han bortover i sagmuggen for å få plass til fleire.

Er som med damer, dette, veit du, seier Egon.

Veit eg ikkje så mykje om, seier eg.

Jau, ein må ikkje pressa for mykje på, prøva for hardt. Berre terge litt i det same sporet, så kjem ein gjennom til slutt.

Så det er slik kjærleken er, spør eg.

Snakk ikkje meir om det. Det er no berre mi vesle erfaring.

Men di erfaring er vel stor nok, du er jo gift, de verkar lukkelege.

Det er vi, sa Egon. Men ikkje sei til Audhild at eg har sagt det.

Kvifor ikkje?

Eg må vel få seie det sjølv.

Seier du ikkje slike ting til henne? – Om eg kan få spørje om det, legg eg til.

Eg? Snakk ikkje. Eg trur meir på å la bladet gjere jobben sjølv, ikkje presse for mykje på.

Advertisements

§ 2 Responses to To menn skuvar ei sag fram og tilbake

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading To menn skuvar ei sag fram og tilbake at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: