Øm føyke

January 17, 2011 § Leave a comment

Ser du meg, kaukar Egon.

Naboen min kjem gjennom skodda og føyka, mot meg, kledd i tjukke klede og går som ein figur frå eit folkeeventyr. Stivt og forsiktig men likevel leikent, som om han skal til å lette.

No overdriv han, seier Egon.

Når han seier at “han” overdriv, tenker eg to ting. Egon er ein av dei mange som trur at denne “han” styrer veret. Men han seier også “han” om vinden som ligg inn fjorden om våren, om den første snoa i september og “no for han” til siste snø i mars.

No er det slik at Han, kven han no måte vere, har teke kontrollen.

Overdriv skikkeleg, svarar eg.

Og høyrer det liknar overdrive på engelsk.  Vi kan ikkje lenger halde vegane fri for snø.

Ikkje mykje ein kan gjere no, anna enn å venta han av, seier Egon bak hetta.

Nei, seier eg.

Ikkje mykje anna enn å gå heim til ho Audhild. Ho likar seg ikkje når det fyk slik på rutene. Så likar eg å vere der og. Ikkje ofte dei treng oss lenger, kvinnene, smilar han.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Øm føyke at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: