Ikkje lett å vere stor aleine, Charlie

January 26, 2011 § 3 Comments

Til minne om Charlie Louvin ( 1927-2011) som saman med broren Ira Louvin (d. 1965) var ein helt på folk-og bluegrasscena frå 1952-65, ei tid då folk byrja med rock, grodde langt hår og prøvde å kome så langt unna Jesus som det gjekk an.

//////

 

Første gong eg var på Kongsvinger

sto eg under festninga og såg over dei mjuke skogane mot Sverige

Kom frå opne havet ute i misjonsvestlandet

Kunne ikkje tru, der vi sat i ei kjellarstove og spelte Satan Is Real på kassett,

ikkje tru at det var slik det er slik det var i Alabama

 

Leit, men han har jo gjort tjenesten sin, seier Levi Henriksen på sms frå Kongsvinger,

frå huset sitt der han kan sjå ned på Glomma der Willy slo i hjel kjærasten sin med ein diger stokk

ein kveld med ei lei eim frå svartvatnet

fordi han ikkje visste anna å gjere,

fordi han ikkje tålte å miste

 

Ein-to-tre – og så spela de,

Noko lånt, noko blått, noko ferdig gråte

Og Gram Parsons digga dykk og

når The Byrds flaug over elva visste du kven dei alle var for du kjende deg som alle desse,

som nok ein som lunka gjennom tilveret med berre ein vinge

og måtte svare eit heilt liv for han andre som var borte

 

Han var verre enn dei fleste, sa folk

Drakk meir, knuste fleire mandolinar enn folk brukar gjere, sa folk

Oppførte seg ikkje nokon stad, sa folk

Han er bror min, sa du

 

Det er ikkje alle brør som har heldt show her i verda

frelst nokre på dei første radene,

tatt inn kollekt, drukke opp alt etterpå

tatt seg saman og hatt Elvis til å varma opp for seg

på ei løen scene med raudt fløyelsteppe i 1956,

same type teppe som ein legg på bårer i fine begravningar

 

Veit ikkje om du visste om marsjane som gjekk gjennom Alabama i nokon-og-seksti

det var ikkje politikk de dreiv, berre mandolin, tenor, gudsord

men bror din dro heim i sekstifem,rett etter Kennedy

du tenkte ikkje slik på det, men på tullingen med ein pickup og bilen full av flasker

Du lukka augo og tenkte attende,

tenkte på han heilt til i går

da du lukka augo

De hadde vore i  grender så langt sør som Texas, song om Jesus,

om å drikka seg full og ha det litt betre enn dei seks andre dagane,

om å angra, be om tilgjeving, få det på flekken, nok ein gong

Per på småbruket Porten seier han aldri har høyrt om dykk

 

Du slutta å vere god, sa folk

Du song surt, sa folk, fulgte ikkje med i tida etterpå, sa folk

Levde ikkje opp til det du starta, sa folk

Han er bror min, kviskrar Ira Louvin

 

Advertisements

§ 3 Responses to Ikkje lett å vere stor aleine, Charlie

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Ikkje lett å vere stor aleine, Charlie at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: