Er omtrent som noko lettar inni meg

January 31, 2011 § Leave a comment

Hakk er eit vårteikn. Ikkje frå spettane som brukar bu i lauvskogen langs skogsvegen vår. Frå stikkspadene.

Når gamlekarane har begynt å stikke i isen, skyfle han vekk i små bitar og sjå stadig større, våte flekkar av grunnen kome til syne, da er det von om vår. Gamlekarane kjenner på seg når snøfalla er over.

Er omtrent som noko lettar inni meg, sa ein kar i dag, ein eg hadde reist for å snakka med om den statlege, tvungne avfolkinga av eit fiskevær uti her i åra 1970-72. Han var ein av dei som blei flytta til land, til et boligfelt og tilbydd arbeid på fabrikk. Ute på holmen hadde dei knapt hatt snø, vinden brukte ta alt før det fekk lagt seg. Is var noko han måtte lære seg å handtera på fastlandet.

Er omtrent som noko lettar inni meg, hadde han sagt. Eg venta på fortsettinga. Ho kom ikkje. Det var dette han hadde å seie. Vi hadde elt nokre vaffelplater før det kom. Vi hadde snakka om slektene, om fiskenæringa som forsvann med landflyttinga og familiar som salta pengar i banken for å kjøpe ny båt så snart fiskeværet blei opna for busetting igjen. Den sjansen kom ikkje. Vi snakka om alt dette. Eg prøvde alt eg kunne for å høre kjenslene hans rundt alt som skjedde desse åra.

Er omtrent som noko lettar inni meg.

Meir hadde han ikkje å by på. Kanskje er det nok. Kanskje seier han meir ved å ha fjerna all isen framfor trappa, sett spaden mot veggen, kikka mot vesthimmelen og gyve laus på nok ei ventetid før fuglane landar i tjernsivet der han bur.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Er omtrent som noko lettar inni meg at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: