På hell

February 3, 2011 § 2 Comments

Same kva eg skriv i oransje notisbøker (som av og til går i vaskemaskina), på snøfrosne ruter (som dryp neste morgon) eller på twitter (som ser dumt ut etter to døgn), handlar det om vår. Eller vinteren som ikkje vil flytta seg for ein som er større.

Lengt, og lengt. Noko inni meg brånar kvar dag, men treff ein vegg av det gamle når eg opnar døra. Eg lir. Og deler det. Og det ser mest patetisk ut. Vaksne mannen, naboen vår, han som er ein god nabo, ein heimflyttar, ein som skriv soga vår, bygdeboka. Han som er eit, som dei seier i HBO-seriane vi slår ihjel årstidsmørkret med, “object of desire” for Sissel uti fjorden som skriv dikt: No må han ta seg saman.

Eller vinteren må.

Eg har lidd og skrive, eg har skrive at han er eit stort kvitt, dyr som har lagt seg på sida for å døy. Eg har prøvd å sjå noko fint i han, til dømes at ein får fyre med ved. Har prøvd alt, men han kjem dårleg ut vinteren, når eg sit ved vindauget kvar morgon og lengtar. Når eg sit med notisboka etter at ho forrige gjekk tapt i 40 grader mørk. Han får unngjelda når eg har skrive noko verkeleg stygt på ruta. Vinteren får seg ein på tygga på twitter kvar dag.

Åh, all mi lengt, alt eg har å gje når han berre, når berre…

Hadde det enda vore årstida vinteren eg skriv om.

Advertisements

§ 2 Responses to På hell

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading På hell at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: