Lyden av det Vestlandet eg kjem frå

February 10, 2011 § 1 Comment

(denne snutten kalla “Portugalsong” står på trykk i nyaste nummeret av bladet Folkemusikk)

—-

 

Nokre gonger seier eg at Vårsøg er sjølve Lyden av det nordvestlandet eg kjem frå. Andre gonger, når eg er høgstemd eller i begravingshumør, seier eg at Ut mot havet er lyden av fylket mitt, en mykje oftare slår eg flathanda i bordet når songen kjem for å få selskapet til å tia stlle, trekk pusten og seier at han der, han der er lyden av Vestlandet. Oftast snakkar eg då om Karl Seglem og når eg snakkar om Karl Seglem, er det plata norskjazz.no og i det siste har det vore låta Portugalsong.

Slik er det: Portgualsong av Karl Seglem er lyden av Vestlandet.

 

Seglem er ein av mange jazzartistar som for tida kvilar seg mot folkemusikken og heimstadsforteljinga. Portgualsong er definitivt lyden av mitt Vestland. Høyrer du ikkje korleis bølgene kviskrar om fire barkar i følge nord i havet?

 

Segl som dreg seg større og større i syninga ein slik ettermiddag da minne skapas. Dei ligg to og to, tan på kvarandre, som om dei prøver å tette holet mellom vestlandsfjorden og det opne havet mot kontinentet. Alle førstereisgutane skurar dekk og lakkar mast om bord i den første barken, ein kan ikkje koma inn i fjordane og la vere å visa at det er konstant hardt arbeide om bord, at det har vore slik heilt frå utsegling Oporto. Arbeid og rugging i bølgebrot er det einaste noruega forstår, veit kapteinen.

 

Nede i barkane ristar det av peppar, flasker og frukt. Sjenerte vestlendingar står på berga, følger innseglingane, ser på glosene dei har skrive inni dei våte hendene sine, ser ned på fisken sin og seier skitt au, dei gjorde jo opp for seg sist gong, desse degosane.

Spel bacalhau avgarde, Karl. Spel!

 

 

Advertisements

§ One Response to Lyden av det Vestlandet eg kjem frå

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Lyden av det Vestlandet eg kjem frå at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: