Forvaring i fjorden, ein dom over meg sjølv

February 18, 2011 § Leave a comment

Frøken Fråflyttar som peika på vårens blomster, smilte og tok kvar av krokusene som ein personleg siger.

Frøken Fråflyttar som let sjøgangsbrisen blåse deo lange gardinane rundt seg før ho gjekk barføtt over plener og stein og slapp seg frydfullt i fjorden.

Frøken Fråflyttar fann fram kåpene, snudde kalenderen frå september til oktober med eit smil og la ei djupare farge leppestift i bilspegelen medan ho ratta med knea.

Ho var også den Frøken Fraaflyttar som strikka skjerf medan vi drakk vin og så gullrekka, kulturstripene og høyrte frontane på søndagsradio.

Når ho satt slik, såg eg på henne med lange, sørgmodige blikk. Det var som ho visste at eg trengte noko å varme meg på denne langvinteren.

Eg trengte ingen andre, berre noko anna, til dømes å gjere fysisk arbeide. Så eg ga meg hen til to tilhengarlass med ved som kom veltande inn på tunet før den siste frosten forlet bakken. Din patetiske, vesle mann, tenkte eg. Når det skurrar med ho du bor med, går du til det tause og berre forsvinn for henne. Akkurat som fedre har gjort før oss, bestefedre og. Slik menn ofte gjer i norske sosialrealistiske bøker og filmar. Dei går i kjellaren og spikkar noko, dei mekkar bil – eller kastar seg over to tilhengarlass med ved.

Ein dag høyrtejeg utgangsdøra smelle og lyden av to tunge koffertar som blei slept over grusen på gardsplassen. Da eg la frå meg øksa og titta rundt nova, såg eg bygdas eineste drosje komme skliande ned grusvegen.

Sidan har eg berre svingt øksa over meg sjølv.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Forvaring i fjorden, ein dom over meg sjølv at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: