Blå blogg og Ulf Lundell

March 9, 2011 § 2 Comments

Svenskane er betre med tungsinnet, kanskje fordi dei har ein fjord mellom seg og Finland. Dan Andersson kalte ei diktbok for “Svarta ballader” og Eldkvarn ei plate “Svart blogg”

På andre sida av bukta for meg, ligg det berre lys. Ho heiter Sissel Uti Fjorden Som Skriv Dikt. På andre sida er det kortare veg til bygdebyen og resten av verda, breiare veg, høgare utdanning, sunnare kost og dyrare klede på snorene så snart vårvinden får følge av sola.

Du veit du er langt nede når du faktisk blir glad av å høyre Ulf Lundell. Slik hender meg om vinteren. Vi er mange som syns vi ikkje er skapte for vinter, men som likevel ikkje kjem av flekken. Vi er bunde her av heim og folk.

Er det ein folkesjukdom vi har? Kvar vinter er det oppslag i avisene om kor mange som er deprimerte av mørket og gode råd om turar før du legg deg og lamper med godlynt lys.  Eg kjøper ikkje desse avisene. Eg er ikkje sjuk. Eg er vestlending, for av og til har eg mistanke om at denne blå strima har teke bolig i meg. At ho bur der inne. At ho ikkje har tenkt seg noko annan stad, sjølv om det ikkje er lenge før krokusen kranglar seg opp og plena blir grøn.

Enn så lenge høyrer eg på Uffe Lundell og kviar for neste oktober.

 

 

Advertisements

§ 2 Responses to Blå blogg og Ulf Lundell

  • MT says:

    Smiler av skildringa di og kjenner meg att 🙂

    “Våren er vakker for ein som har hatt ein lang vinter”,eit sitat eg las i avisa ein aprildag for nokre år sidan,tenkte at det er den,vakker.
    Vi med dei blåe tonane i sinn veit det.

    Enn så lenge høyrer eg på blå,blå tonar som smyg seg i og mellom 🙂
    Marieklem frå ein stad der våte snøfiller lavar ned *Sukk*

  • Leif Østli says:

    Lundell kan du høre på sommer som vinter. Akkurat nå passer “Om det här är vintern (måste våren vara på väg). Fra Högtryck, 2005.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Blå blogg og Ulf Lundell at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: