Røsk meg ut frå ei reise

March 15, 2011 § Leave a comment

Kjenningen min trengte ei hand eller to. Han hadde fått tak i bilhengar og ville få eit vrak etter bror sin bort frå eigedomen. Ein Audi 100 femsylindra, opplyste han da vi sat i bilen.

Skulle sagt noko om netter i ein brun Audi 100 femsynlindra. Lasse hadde ein. Det var sølt ei flaske godlukt ned i vifteanlegget, framseta var bygd mjukt opp, slike småjentene likte å dra seg i.

Vi fekk den svartmåla (bengalac) bilen inn på hengaren ved å køyre hengaren ned ved løa og dytta på. Kjenningen min ville også skrote skalet av ein gamal Norton som sto i løa og lukta saueskit.

Hoggaren ligg seks mil forbi bygdebyen, så vi hadde god tid til å ikkje prate i kupéen. Da vi kom fram, begynte kjenningen min å rygge inntil i kran med klo og signerte to papir. Han tok ein røyk med hoggaren, som om det gjaldt å vise Audien ei siste respekt.

Eg gjekk rundt og fann eit eit 123-karosseri som sto på klossar. Første vogna til banksjefen, ingen treng slik no, ropte hoggaren etter meg.

Eg var der, men var mange år unna.

Kikka gjennom vindauget til ein sølvgrå Vauxall Viva og det lå ein lebestift i midtkonsollen. Gjekk forbi ein Jeep, men stoppa ved ein Saab 99L, ein slik far min ønskte seg. Ein slik bil sonen såvidt får låne for å hente ei såvidt for fin jente i bygdebyen når isen såvidt er borte frå både vegane og livet. Ein slik bil kor dei køyrer til eit utkikspunkt og ser lysa rundt vatnet og storbåtane på hamneanlegget, ein kupé kor alt kan skje. Strømpa hennar mot midtkonsollen, eit par kvite snowjogs i dørken, dogg på rutene, ein radio lågt på og eit ønske om songar som aldri tek slutt.

Står du her og kopar? Skal du kjøpe, kanskje ropar hoggaren bakfrå og daskar meg i ryggen.

Det er ikkje så forbanna mykje som skal til for å få denne karen på vegen igjen. Ny bakluke, litt skifting i motorblokka, ei rute, dekk. Ja, da skulle han vere klar til nok ei lang reise.

Eg var nettopp på tur med han, sa eg, men ganske lågt.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Røsk meg ut frå ei reise at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: