Eg vil vere din Buffalo soldier

March 16, 2011 § Leave a comment

Sa eg verkeleg det?

Det sa du, seier ho.

Eg har nett spurt kva som var det dummaste eg sa den sommaren vi var kjærestar og heldt oss i kjellerstua der veret piska mot dei låge vindua.

Du sa at “Eg vil vere din Buffalo soldier”, gjentek ho.

Så det sa eg?

Ja, seier ho.

Vi høyrte mykje på slik den gongen. Reggi, som vi sa, hugsar eg.

Ja, seier ho.

Vi sit på verandaen og kjenner det bråne. Borda er grå med våte flekkar og djupe, langsgåande sprekker.

Kva kan du ha meint med det, spør ho.

Nei, kva tenkjer ein på. Det var vel musikken, at vi var forelska og slik, seier eg.

Ja, slik var det jo den gongen, seier ho.

Eg skjenkar meir kaffe.

Kva ville du sagt i dag, seier ho.

Eg blir stille slik eg brukar når noko kjem nært, det gjeld både dyr og kjensler.

Skal du ikkje svare, spør ho.

I dag, fomlar eg, i dag ville eg vel sagt noko anna, men du er du sambuar og greier, så eg veit ikkje.

Ein Buffalo soldier tek ikkje slike omsyn, seier ho.

Kva?

Ein Buffalo soldier tek ikkje slike omsyn, seier ho før ho forsvinn ned den låge trappa og ut på grusen.

Verandaborda treng å tørke opp og lakkast før eg legg på maling. To strøk. Såpass må det vere. Det må eg i alle fall greie.

 

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Eg vil vere din Buffalo soldier at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: