Eg er ikkje her men kor ho er

May 25, 2011 § 1 Comment

Nabo Audhild prøver å oppmuntra meg på beste vis.

Det er brasilianske kvinner i fire-fem hus på andre sida av fjorden, seier ho.

Klart eg veit det. Har sett korleis karane køyrer dei brasilianske jentene sine rundt i bil, korleis dei rullar ned vindauga, dultar i kvarandre på fest og seier “det er samba i senga og, veit du”

Eg er ikkje der. Ikkje enno. eg er knapt nok her. Tankane er ein annan stad. Hos henne som dro, kor enn ho måtte vere.

Da eg kom tilbake til bygda, snakka eg ikkje eingong språket lenger. men eg hadde henne med. Det heldt. Vi var lukkelege, sa vi til kvarandre under dyna når vi la oss for kvelden.

Finare finns ikkje på jorda, sa vi da vi sto og henta inn pusten på ein fjelltopp. Eg meinte henne, livet vi hadde. Ho snakka om naturen.

Natur var ikkje nok. Hennar natur var å dra. Ho dro. Eg står enno. Og eg går. Eg går rundt hjørnet når eg høyrer den vesle bilen til nabo Audhild bremse nedover vegen mot fjorden.

Advertisements

§ One Response to Eg er ikkje her men kor ho er

  • heimflyttar says:

    Haha, røynda, altså. Ikkje før var denne vesle snutten publisert før eg blir følgd på twitter av Escape Travel, eit selskap som har spesialisert seg på reiser til fjerne strok.
    Kva kan ein seie?

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Eg er ikkje her men kor ho er at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: