Fri er i

May 31, 2011 § 2 Comments

Veit ein vind som ikkje vil deg vel, men det er ikkje difor eg ber om å få kjenne varmen på innsia av handa di, kvardagslukt frå ei halsgrop med sølv og kvae eller å kunne sjå deg sige ut med med floa kvar dag og inn i søvn kvar kveld.

Alle treng ikkje gjere dette. Det held om ein her, ein der, og du, ja, prøvar gripe ho. Så skal du sjå vi får ei venare verd med litt djupare hav og ordnamenta frå historia.

Har ikkje alltid vore din. Du har heller ikkje vore min. Vi får sette ein fot framfor den andre og prøve å sjangle oss i mål, til dei gode orda, til ei trygg tilverd, slik eg skal vingle meg gjennom til hovudpoenget.

Eg hadde snart førti årringar da du begynte kvitra på ei av greinene mine. Sidan har du vist meg alt. Du tindrar, blør, du vellar, flør, du er umogleg å sjå heilt heim til. Eg har falle djupt før. No fell eg igjen. Ikkje på kne, det er ikkje der vi skal vere.

Eg spør om du vil bli mi rake brud med auriklar i krans i håret og kvit kjole heilt ned til i-endingane. Om vi kan bu oss på eit liv i lag. Om du vil dansa for meg i ein kjole av spindelvev og måneskin. Om ei moltemyr er bra nok som morgongåve.

Eg er lett å røra, verre å tø opp, men du har set vingar på ein stein før, spurva heile tak opp i véret. Vi såg grågåsflokken samla seg i fjor, kjente kulda snike seg inn under plankane ved juletrefoten, kjente linna sige inn over fjorden i april. No ventar eit Krøyermaleri av ein sommar.

Eg spør deg, og det med @sveveper :  @2rvund  : og @okvalnes : som vitne – og @estermoe :

Vil du bli mi?

Kjære nynorsk, sei ja.

31. mai 2011 – Din Heimflyttar

 

Advertisements

§ 2 Responses to Fri er i

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Fri er i at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: