La meg ro deg ut til holmen

June 15, 2011 § 5 Comments

La meg ro deg ut til holmen.  Ja, deg. Akkurat no. No som sola står skrått innover fjorden, legg fjella svarte og sjøen blank og blendande. Overflata ser ut som noko dei har laga på eit aluminiumsverk.

Ei åre nedi, så den andre, stig på. Der, bak tofta står det kaffe, ver forsiktig. Vent til vi er ute av staumane her inne ved land. Den rømde oppdrettslaksen likar stå her og føne seg, enda det er torsken sin plass. Nei, vi tek ikke oppdrettslaks. Orkar ikkje meir.

Vi kan dorge lenger ut. Eg ror. Du sit med en finger over ripa og held eit snøre høgt i sjøen. Bare legg deg tilbake, det er eit stykke ut til holmen.

Når du bur inne i en slik fjord, er det eit stykke til det meste. Spesielt til folk som vil vere med på en slik rotur ein tidleg morgen i juni.Høyrer du korleis det dryp av åreblada?

Reketrålarane er inne for lengst og skipstrafikken ute i leia går på nattestid. Dei sig sakte forbi mens vi søv, på veg mot langt meir spennande stadar enn dette. Der har vi lykta som smyg sitt sjuke lys ut i skumringa. Der bur Sverre Matros som bunnsmører færingen sin tre gonger i året.

Ser du holmen no? Ikkje? Så du trur ikkje han fins?

Neivel. Så eksisterar han ikkje, men kva så? Er ein ikkje alltid på vei mot ein holme i livet der graset er grønt, svaberga er vaska runde i kantane og ein hegre baskar som et Sikorsky-helikopter når han lettar?

Det er slike ting eg tenker slike morgonar, sånn i tilfelle ein skal få bruk for det. Det står éin tallerken på frukostbordet, ein kaffikopp. Slik er det blitt.

Ho hadde større drøymar enn dette, og ho dro etter dei. Eg har og drøymar, men dei er her. Her, kor ein færing uffar seg i støa, tek vatnet som når ein stor fugl landar, her kor ein kan ro så langt det måtte vere.

Advertisements

§ 5 Responses to La meg ro deg ut til holmen

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading La meg ro deg ut til holmen at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: