Du likar å klatre

July 4, 2011 § 2 Comments

Guten med munnspelet dreg føtene etter seg på kanten av grøfta. Hestehov og rams klaskar mot leggane og blir slått unna. Graset reiser seg raskt etter tråkka hans, men etter han hengdet to toaer, reine toner. Ei lys låt til innpust, ei mørkare til utpust.

Kva skal du? spør han.

Dra garna, sier eg.

Få bli med, seier han, og eg er sju år igjen, kanskje åtte i august, og eg har spurt far min om å få vere med på fjorden.

Eg veit kven foreldra hans er, sender ei melding, får svar om at det er greit.

Eg skyv båten frå land, gir han vesten min. Vesten er ein alt for stor, stiv frakk og dei brune gutearmane med plaster der han ein gong skal ha klokke, ser tynne ut.

Spel litt da, seier eg.

Han kan berre dei to tonane, men dei held for oss. Ein lys, ein mørk. Ein liten tone, ein stor.

Når garna er oppe, tel han fire lyr, ein brukbar torsk, ei sjøstjerne og ein krabbe. Krabben viklar vi ut og set ned i fjøra igjen. Han går målretta inn i tanget. Krabben har eit lager ved vatn under skalet som gjer at han lever lenge på land.

Du får kome attende i august, seier eg etter krabben, akkurat som far min sa

Vi sløyer. Eg held fisken med buken opp, han bloggar med den nye kniven min. No og då står ei tynn stripe blod ut over steinane og sandalane hans. Gjer ikkje noko, vi er sjøfolk. Vi skjær strupar, grev ut innmat og slenger det til måsen som sirklar som glorier over oss og jamrar som ein velgar i dagane før kommunevalet. Vi er stille. Treng ikkje seie noko. Dette er eit høgdepunkt for oss begge, og vi veit det.

Kva skal du gjere i sommar da, spør eg når vi har vaska hendene våre i saltvatnet og drege det våte av mot skjortene.

Veit ikkje heilt. Fiske krabbe, kanskje. Og klatre.

Du likar å klatre? spør eg, men det er ikkje mi stemme, det er ein annans, det er ei stemme frå ei annan tid, med ein liten skjelv som den lette brisen tek austover. Far min si stemme.

Eg lukkar augene og akkurat da ser eg så alt for mykje. Eg ser innover landet, og ser kvar kontur av tuntreet kor ein gut ikkje har klatra på 34 år.

 

Advertisements

§ 2 Responses to Du likar å klatre

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Du likar å klatre at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: