Kanskje det ville bli eit par av oss igjen

July 13, 2011 § Leave a comment

Eit par gonger i året, på godversdagar, kjem Egon ut på trappa med kaffekanna, eit krus frå ei av redningsskøytene og sigarettar. Eg sit ofte ved kjøkenbordet med desse morgongreiene mine. Egon går inn igjen etter ei stor skuff frå ein kommode. Han byrjar legge ut sokkar, sortere dei, legge deg bak seg når dei endeleg har blitt to.

Han rår ikkje med det, seier Audhild, han er ein bra kar på alle vis, men sokkar, nei, der glepp det for han.

Når Egon kjem ut på trappa med skuffa si, veit eg det kan ta tid. Han er nøye. Ser på sokkane, kanskje han snakkar til dei som ei gamal dame snakkar med plantene sine. Sigaretten heng i munnvika hans, får Egon til likne ein skodespelar i svartkvittfilm. Egon er ikkje så nøye med håret desse morgonane. Håret kan vere til alle kantar medan han ordnar verda si i par.

Første gong lurte eg på om dette måtte med i bygdeboka. Eg skal skrive like mykje om mi samtid som gamal tid, men her ved fjorden føler eg ofte at det som skjer no, er gamal tid. Folk brukar den tida ting tek. Dei er medvitne på kva dei gjer, bevegelsane er monotone, ein del av kroppane deira. Dei gjer ting med heile seg sjølv og sjekkar heller epost når det lir mot kvelden. Eg tenker på bygda mi som ei bølge som aldri kjem heilt til land, men er fin å sjå på når ho krusar der ute, skvett opp under småbåtar, har sitt eige liv der under skyane som heng som skjegg rundt fjella i aust.

Eg set meg til å skrive. Om Egon, om ritualet hans med sokkeskuffa. Han går heilt opp i det. Han går heilt opp i alt, kona si óg. Han er til stades. Det er det eg vil skrive i bygdeboka, om ein mann som er her, ikkje alle andre stadar.

Sokkane mine er nokså ordna. Kanskje eg berre skulle la det fare ein månads tid og sjå kor det ber? Kanskje eg skulle setje meg på trappa ein morgon og prøve imitera Egon og rørslene hans? På det viset, om eg blir slik ein mann, ville det kanskje bli eit par av oss igjen?

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Kanskje det ville bli eit par av oss igjen at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: