Hausten over støa

September 6, 2011 § 1 Comment

Hausten susar i horisonten som malinga frå ein katt i fanget. Enno er det fine dagar, stunder der eg legg meg utpå med båten, dorgar høgt i sjøen med blanke anglar etter sild og makrell. Enno er det  timar der eg ikkje ser mørkt på noko.

Ein av dagane no skal eg dra båten opp i støa, gå over han. Det kjem til å skje i år igjen. Å sjå ein båt på land, er ei hundefløyte for den tidlegare skipperen Egon. Han ruslar ned, som om han hadde eit ærende her, men augo er med han.

Smøringa er fin enno, seier Egon

Spanta er tette, dei brukte gode naglar før i tida, seier han.

Taua, seier Egon, du skulle ha skifta tauverket. Ho fortener noko nytt, seier han og stryk henne over ripa.

Du la mykje kjærleik i pussen i vår, seier han.

Du er flink til å snakke i bilete, seier eg, og ser opp mot huset kor eg veit kona hans, Audhild, er heime. Laurdagene likar dei å løyse kryssorda i hovudstadsavisene, spele plater, bruke lang tid på å lage middagar, ete dessert seint og sitte under varmelampene med eit glass vin.

Kva slags bilete? spør Egon.

Gløym det, seier eg, viftar tankane og stunda bort. Vi kunne skifta emne, vi kunne snakka om nokon av garnfiskarane i fjorden har fått noko i det siste, nytt om langvarselet på yr.no kontra pent.no, om EU-kontrollen på den gamle bilen, men vi tiar begge to, let det henge ei stille over stunda. Og lyttar ein godt, høyrer ein haustens bladlause murring bak det heile.

 

Advertisements

Where Am I?

You are currently viewing the archives for September, 2011 at Heimflyttar's Blog.