Draumen om å køyre heilt fram til John Fogerty si dør

October 28, 2011 § 3 Comments

Audhild og Egon har tent varmelampene på verandaen, flytta stereoanlegget ut og sit under pledda sine. Dei spelar “Down by the river”. Seinare veit eg at Audhild vil danse tett med Egon, lukke augo og minnast gamle dagar. Ho vil ha “Who´ll stop the rain” av Creedence. Alltid den songen, alltid med Egon. Ho veit ikkje at det er ein antikrigsong, at regnet han refererer til er bomberegnet, at det er systersongen til ein annan Creedence-hit, “Have you ever seen the rain” som kom like etter Vietnamkrigen. For Audhild er han ein kjærleikssong.

Egon skrur ned når han ser meg i verandadøra. Eg slepp ut ei kjegle av lys framfor meg.

Var det for høgt? hoiar han.

Eg trur vi spela så dei høyrde oss heilt til California, seier han på utpust og tek eit drag av filtersigaretten.

Men kom ned med flaska di, så kan vi spele litt, det er så stilt i kveld, seier han.

Eg har enno ikkje sagt noko, men går.

Og kvar gong eg går dit ned, støkk det litt i meg. Audhild og Egon held hender, dei dansar litt, seier søte ting til kvarandre, ting eg ikkje trudde folk i sekstiåra sa. Men eg blir ikkje flau. E kjenner berre det stikk. Det skulle vore ein deg. Og ein meg. Og nok eit stereoanlegg ved fjorden.

Slike kevldar brukar Egon fortelje meg om draumen sin. Kvar gong. han sier at draumen hans er å leie ein sykkel, ein Harley av noko slag, og køyre han tvers over landet, heilt til California, heilt fram til døra til John Fogerty. Der skal han ta seg ein velfortent røyk, utan filter, og så skal han banke på hos John Fogerty og seie: Her har du meg.

Egon synes alltid det har mangla ein i Creedence. Ikkje ein musikar, men ein som kunne megla mellom brørne slik at Tom og John vart forlikte før Tom døydde.  Egon ville vore den mannen, seier han kvar gong dei har opna litt vin, sett seg til på verandaen, under pledda, under varmelampene, under månen.

I kveld spør eg om Aushild hadde klart seg så lenge utan han – det tek jo si tid å reise heilt til California på motorsykkel og finne heimen til John Fogerty?

Du, skal eg seie deg noko, seier Egon.

Ja? seier eg.

Det blir ingen draum utan at Audhild er med. Ho er med i alle draumane eg har hatt sidan 1971, seier han.

Eg let blikket gli ut fjorden og tenker at det aldri har vore så fint her så seint i oktober.

Advertisements

§ 3 Responses to Draumen om å køyre heilt fram til John Fogerty si dør

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

What’s this?

You are currently reading Draumen om å køyre heilt fram til John Fogerty si dør at Heimflyttar's Blog.

meta

%d bloggers like this: